Pauline Hall

Musikalsk kosmopolitt og kvinne for si tid

Av Astrid Kvalbein

Innbundet, 272 sider, NOK 300

Bestill via kontakskjema. Betaling med Vipps eller faktura.

Pauline Hall (1890-1969) var ein kulturperson av dei sjeldne. Som komponist markerte ho seg, mellom nesten berre menn, med musikk for symfoniorkester, teater og film. Gjennom over tretti år var ho ein frykta og respektert kritikar i Dagbladet, og ho stifta foreininga Ny Musikk. 

Heile livet kjempa ho for å opne norsk musikkliv for moderne impulsar frå ute i verda, ofte i strid med tidas nasjonalistiske tankegods. Engasjementet delte ho med sambuaren gjennom mange år, journalisten Caro Olden. 

Denne boka er den første om Hall og eit rikhaldig portrett av henne og tida ho levde i.

Astrid Kvalbein (f. 1971) er songar, skribent og musikkforskar med nyare norsk musikkhistorie som spesiale og ein ph.d.-grad om komponisten, kritikaren og organisasjonsmennesket Pauline Hall frå Noregs musikkhøgskole (NMH 2013). Kvalbein har vore frilans utøvar og kritikar av klassisk og samtidsmusikk i mellom anna VG og Aftenposten, samt postdoktor ved Universitetet i Oslo. Frå 2017 var ho leiar for eit prosjekt om historia til NMH, der ho frå 2021 er rektor.